Farmasistudentar bidrar på Store norske leksikon

På FARM3120 «Legemiddelbruk og folkehelse» lærer studentane å skriva tekstar som forklarar legemiddel for vanlege folk. Dei beste bidraga vert vidareutvikla og publiserte på snl.no.

Skjermdump frå snl.no

– Vi fekk ei liste med tema vi kunne velja frå. Nokre av alternativa hadde korte tekstar som skulle utvidast, dersom vi ikkje heller ville forkasta dei og starta frå botnen. For andre måtte alt skrivast for fyrste gong, fortel Anne Lise Doan.

Ho er ein av tredjeårsstudentane på masterstudiet i farmasi som i haust fekk i oppgåva å skriva eller utvida eit legemiddelrelatert oppslagsord på SNL. Studentane måtte sjølve finna informasjon, vurdera kjelder og sy alt saman.

Anne Lise Doan
– Mor mi og bror min vart ordentleg imponerte då eg fortalde dei at eg hadde skrive for SNL, fortel Anne Lise Doan. Foto: Privat

– Etter at tekstane var levert, vart dei vurderte. Eg var blant dei som vart plukka ut til eit skriveseminar med folk frå SNL der vi fekk tilbakemelding på tekstane våre og vart kursa i korleis vi skulle jobba vidare med dei.

Spesiell følelse

Mellom anna fekk dei informasjon om biletbruk i artiklane. Der sto Doan litt fast, for ho hadde ikkje funne noko bilete som kunne passa til artikkelen som ho jobba med om legemidlet neostigmin.

– Men heldigvis kunne ei veninne av meg på kurset hjelpa til, ved å teikna det eg ynskte på iPaden sin. Så no er illustrasjonen hennar brukt saman med teksten min i artikkelen.

Doan fortel at dei brukte SNL både på barneskulen og ungdomsskulen, så det er ein spesiell følelse at ho no har publisert noko der sjølv.

– Mor mi og bror min vart ordentleg imponerte då eg fortalde dei det, og mor fortalde det vidare til all ho kjenner. Veslebror min går enno på skulen som eg sjølv gjekk på, og har fleire av dei same lærarane som eg hadde. Det var stas då han kunne fortelja det til dei!

Enklare å skriva for Felleskatalogen

Sandra Bratlie er ein annan av studentane som har bidrage til SNL gjennom det same emnet.

– I studiet lærer vi oss fagspråket, og vi blir vane med å bruka det når vi diskuterer legemiddel og korleis dei verkar. Men når vi skal skriva på SNL, må vi gjera innhaldet forståeleg for mannen i gata. Det er god trening, seier ho.

Sandra Bratlie
– Gøy å laga innhald som vanlege folk kjem til å googla og ha nytte av, seier Sandra Bratlie. Foto: Privat

– Utan denne treninga trur eg mange av oss hadde syntest det hadde vore enklare å skriva tekstar til Felleskatalogen.

Sjølv har ho skrive om legemidlet lamotrigin.

Beden om å skriva meir

– I tillegg til å få trening i å skriva så folk forstår det, har eg òg hatt fagleg utbyte av dette arbeidet. Ting vi lærte om verknadsmekanismar det fyrste året, har kanskje glidd litt i bakgrunnen, så det har blitt repetert og friska opp.

Etter den fyrste artikkelen sin vart ho kontakta og beden om å skrive fleire artiklar. Den fyrste av desse er akkurat publisert.

– Dette er jo litt meir gøy enn ei vanleg prosjektoppgåve, som kan vera like mykje arbeid, men som ikkje blir lest. Her lagar vi innhald som vanlege folk kjem til å googla og ha nytte av.

UiO største bidragsytar

Hedvig Nordeng er emneansvarleg for FARM3120, og sjølv fagredaktør for over 400 artiklar innan farmakologi i SNL. Ho meiner det er god lærdom for studentane å formidla fagkunnskapen sin på eit forståeleg vis til publikum.

– Legemiddelinformasjon og evidensbasert medisin er kjerneområde for farmasøytar. Mange skal jo formidla kunnskap når dei kjem ut i arbeidslivet, ikkje berre i personlege møte med pasientar og kundar, men òg skriftleg, til dømes i pakningsvedlegg, kliniske retningslinjer, informasjonsmateriell osb., seier ho.

– Det er moro å sjå studentar som skriv og formidlar som dei legemiddelekspertane vi ynskjer at dei skal være. Farmasøytisk institutt er ein viktig kunnskapsleverandør for SNL innan fagfelta farmakologi, farmasi og farmakognosi. Det bidrar òg studentane våre til i stor grad.

I tillegg til Nordeng er Anne Gerd Granås og Helle Wangensteen frå Farmasøytisk institutt fagredaktørar, med ansvar for høvesvis kategoriane farmasi og farmakognosi.

UiO er den største bidragsytaren til SNL, ikkje minst innan helsefag og realfag. Til saman har fagredaktørar frå UiO ansvaret for nesten 25 000 artiklar, som i 2021 til saman vart lesne 20,5 millionar gonger.

Av Torstein Helleve, kommunikasjonsrådgjevar FAI
Publisert 3. feb. 2022 11:11 - Sist endret 4. feb. 2022 10:53