Innovasjonsivrige studentar fekk opplæring i avansert labutstyr

Studentforeningen for Farmasøytisk Innovasjon inntok ShareLab i Forskingsparken.

Student som plasserer prøvar i analyseapparat

Foto: Torstein Helleve

Innovasjon krev at ein får moglegheiten til å leika seg litt, prøva og feila og finna løysingar som kan vidareutviklast. Men det er mykje som skal gjennomgåast i farmasistudiet, og det fører til lite rom for at nysgjerrige studentar kan gjera eigne utforskingar på laben.

For å bøta på dette, har Studentforeningen for Farmasøytisk Innovasjon (SFI) innleia eit samarbeid med ShareLab og Veksthuset for livsvitskap, helse og teknologi, der vidarekomne farmasistudentar kan delta i forskingsprosjekt og få utvida labkompetansen sin.

Studentar som får rettleiing i laben
Foto: Torstein Helleve

For eit par veker sidan fekk dermed 11 studentar, fordelt på to grupper) opplæring i HPLC, eller væskekromatografi (High Performance Liquid Chromatography). Oppgåva var å analysera koffeininnhaldet i ulike cola- og energidrikkar under rettleiing av professorane Trine Grønhaug Halvorsen og Stig Pedersen-Bjergaard og overingeniør Inger Oulie frå FAI.

– Tre studentar er alt involverte i forskingsprosjekt, og dei får moglegheita til å laga protokollutviklinga tli masteroppgåva si neste år, seier Karoline Sandbakken, leiar av SFI.

– Dei som er med på dette opplegget får òg ein attest på at dei har erfaring med bruk av utstyret. Det kan vera eit fortrinn om ein ynskjer å søkja seg til til dømes legemiddelindustrien.

Student som førebur ein prøve. På benken framfor henne står ulike colaflasker
Foto: Torstein Helleve
Av Torstein Helleve, kommunikasjonsrådgjevar FAI
Publisert 10. nov. 2022 11:06 - Sist endret 11. nov. 2022 06:33