Nystarta studentforeining for farmasøytisk innovasjon

Skal gjera vegen kortare for ein karriere inn i legemiddelindustrien.

Kristine Horgen og Karoline Sandbakken sit på ein benk i bakgården på Farmasøytisk institutt

I september kan Kristine Horgen (t.v.) og Karoline Sandbakken, i samarbeid med ShareLab, tilby farmasistudentar tilgang til lab der dei kan testa ut innovasjonsprosjekt. Foto: Torstein Helleve, UiO

Sidan 2017 har medisinstudentane hatt ei eiga studentforening for medisinsk innovasjon (SMI). Ei gruppe studentar frå farmasi og kjemi nøydde seg ikkje med å kasta lengtande blikk over til nabofakultetet, men bestemt seg for å gjera noko med det.

– Vi hadde eit møte med instituttleiar Kathrin Bjerknes her ved Farmasøytisk institutt og rådgjevar Nicolay Bérard-Andersen frå Veksthuset for livsvitskap. Dei oppmoda oss om å starta vår eiga foreining, og her er vi, fortel Karoline Sandbakken, leiar av den nye foreininga, Studentforeningen for Farmasøytisk Innovasjon (SFI).

Alt i vinter fekk dei vera med i internshipordninga som SMI har hatt, og utteljinga var god. Heile 35 % av farmasistudentane som søkte om internship, fekk tilslag.

Fleire moglegheiter i Danmark

– Det var over det vi forventa, og veldig gøy. No har vi to nye internshipansvarlege frå SFI som skal vera med og drifta ordninga framover, seier Kristine Horgen, den eine av dei.

Sandbakken fortel at det har vore eit sakn at innovative farmasistudentar har få moglegheiter til å leika seg på laben og prøva ut nye idear.

– UiO-tiltak som Insj og Veksthuset for livsvitskap krev at du må ha utvikla ideen din eit stykke, men det er ikkje så lett når vi ikkje kan bruka utstyret på eiga hand. Det er gode grunnar for det sjølvsagt, men vi skulle gjerne hatt hands-on erfaring, seier Sandbakken.

– Utvekslingsstudentar fortel at i Danmark er det fleire slike moglegheiter, spesielt retta mot arbeid i industrien.

Generalforsamling i februar/mars

SFI har derfor fått ein avtale med ShareLab. I september startar eit pilotprosjekt der farmasistudentar får låna lab der for å testa ut prosjekt, samstundes som dei får opplæring i å bruka utstyret.

– Vi får då ein attest på slutten som vi kan leggja fram for arbeidsgjevarar på at eg kan bruka den og den maskinen, eg kjenner den og den teknikken. Det tenkjer vi er viktig, seier Sandbakken.

Sandbakken og Horgen er studentar på siste året, så dette er siste vinteren dei er med i SFI. Men i styret er det to tredjeårsstudentar, og dei to håpar at foreininga vert ein suksess som går vidare av seg sjølv.

– Vi skal ha generalforsamling i februar/mars, og då håpar vi å dra med mange fleire. Då håpar vi òg å dela erfaringar frå samarbeidet med ShareLab, seier Horgen.

Les meir om Studentforeningen for Farmasøytisk Innovasjon

Av Torstein Helleve, kommunikasjonsrådgjevar FAI
Publisert 30. aug. 2022 07:11 - Sist endret 30. aug. 2022 09:01