Oppdatert, modernisert og berekraftig(are) labkurs

Emnet FARM4110 har kome i ny drakt og ligg no tett opp til forskarane sin kvardag.

To studentar bøygde over ein labbenk med ein prøve

Sandra og Andreas måler opp. Foto: Torstein Helleve

– Det begynte med at eg overtok emneansvaret for FARM4110 i år. Fram til no har dette kurset vore basert på tradisjonelle metodar, som testing av oppløysingshastighet av tablettar, seier professor Hanne Hjorth Tønnesen.

– Det er viktig kunnskap å ha med seg, men dei tradisjonelle metodane har studentane lært i dei føregåande åra. Sidan dette er eit kurs i 4. studieår ville vi ta dei inn i notida og visa dei den moderne teknologien vi brukar til vanleg. Visa forskaren i sitt naturlege habitat, om ein vil.

Postdoktor Krister Gjestvang Grønlien fekk i oppgåve å finna materiale og formulering som kunne brukast i kurset. Det var viktig å ha noko som både let seg gjennomføra på tida som stod til rådigheit og samstundes demonstrerte for studentane det spennande ved dagens forsking. Han landa på zein, eit protein som vert utvunne av mais.

Måler partikkelstørrelse

– Zein er «hot»! Det føregår masse farmasøytisk forsking på det, og det kjem stadig nye artiklar. Det er biologisk nedbrytbart, og i tillegg brukar vi vatn som løysemiddel, fortel Grønlien.

– Vi brukar framleis straum til måleinstrumenta, så direkte berekraftig kan vi vel ikkje kalla kurset, men materiala vi brukar er i alle fall berekraftige.

Av zeinet lagar studentane nanopartiklar, eit anna veldig aktuelt forskingsfelt. I små grupper lagar dei fyrst partiklane saman med Hjorth Tønnesen. Deretter måler studentane partikkelstørrelse og zetapotensialet saman med Grønlien, Fordi nanopartiklane har kort haldbarheit i løysing, viser Grønlien korleis dei vert fryseturka.

Til sist demonstrerer stipendiat Bjarke Strøm Larsen, tredjemann på laget, korleis dei termiske eigenskapane til  nanopartiklane kan kartleggjast.

Tre studentar framfor ein labbenk
Anne Lise, Badra og Farzaneh samarbeider om førebuingane. Foto: Torstein Helleve

Forskingsbasert undervising

– Vi har lagt inn små variasjonar i framstillinga av nanopartiklane for dei enkelte gruppene. Dermed får gruppene ulike resultat, og når vi til slutt diskuterer og samanliknar resultata i plenum, kan dei sjå korleis små variasjonar i utgangspunktet kan gjera store utslag på utfallet, fortel Hjorth Tønnesen.

– Det morosame er at vi forskarar òg lærer nye ting av forsøka studentane gjer, skyt Grønlien inn.

– Og no kan vi tydelegare seia at vi gjev forskingsbasert undervisning med forankring i læreboka. Det er jo eit av formåla med universitetet.

Ti spørsmål til kvar stasjon

Små grupper på fire–fem studentar gjer det mogleg for god dialog mellom undervisar og studentane, og sikrar at alle får delta. Undervisarane kan òg sjå effekten av dette i ei anna endring dei har gjort i opplegget.

– Tidlegare leverte studentane labjournalen, som forklarar «vi blanda stoff A med stoff B osb.» Igjen: viktig kunnskap, men dei har gjort det mange gonger før, og kan det, seier Grønlien.

– No får dei i staden for ti spørsmål knytt til kvar stasjon. For å finna svara, må dei mellom anna til litteraturen, altså finna og lesa forskingsartiklar. Vi ser at svara vi får, varierer i språkbruk innan kvar gruppe, som tyder på at alle har vore med og bidrege.

Studentane set pris på kurset

FARM4110 er det siste labkurset før studentane skal i gang med å velja masteroppgåve, og Hjorth Tønnesen håpar endringa kan bidra til at fleire får augo opp for galenisk farmasi, altså korleis ein utviklar og framstiller ulike legemiddelformer.

– Ved å visa korleis vi forskar, gjev vi studentane eit betre valgrunnlag enn når vi berre let dei bruka meir tradisjonelle metodar. Tilbakemeldingane og kommentarane vi får, tyder i alle fall på at studentane har sett pris på kurset, seier ho.

– Men vi skal jo evaluera når kurset er slutt, og sjå om vi finn måtar vi kan gjera det endå betre på, legg Grønlien til.

To forskarar ved ein maskin
Krister Gjestvang Grønlien og Hanne Hjorth Tønnesen ved fryseturkaren. Foto: Torstein Helleve
Av Torstein Helleve, kommunikasjonsrådgjevar FAI
Publisert 7. okt. 2022 11:31 - Sist endret 2. mai 2023 12:38