Kjemielevar fekk prøva ut undervisningslaben

Torsdag fekk to kjemiklassar frå 3. trinn på Skedsmo vgs. ein smaksprøve på korleis det er å vera farmasistudent, då dei fekk laga sin eigen aspirin på ein av undervisningslabane på Farmasøytisk institutt.

Sidan rundt 2014 har forskingsgruppa LIPCHEM tatt mot skuleklassar frå ulike vidaregåande skular og gitt dei ein forsmak på livet som farmasistudent, i tillegg til informasjon om studiet. Dei har ôg fått ein demonstrasjon av korleis ein produserer tablettar hjå Galenisk farmasi.

Denne veka var det Skedsmo vgs. som var på besøk, og neste veke kjem Rosenvilde vgs. frå Bærum.

– Formidling er jo ein del av samfunnsoppdraget vårt, seier fyrsteamanuensis Anders Vik.

– I tillegg er det litt reklame for oss sjølve, farmasiutdanninga og dei spennande jobbmoglegheitene ein har som farmasøyt, som nok kunne vore betre kjend der ute.

Nedanfor kan du sjå bilete frå Skedsmo vgs. sitt besøk. Men om dei ville smaka sin eigen medisin? Det var dei litt usikre på, i alle fall undervegs i forsøket.

skolebesok23
Av Torstein Helleve, kommunikasjonsrådgjevar FAI
Publisert 20. jan. 2023 11:59 - Sist endret 20. jan. 2023 12:12