Tilbyr ekstra labkurs etter ynskje frå studentane

Studentforeningen for Farmasøytisk Innovasjon (SFI) ynskte meir undervising enn det som står i pensum. Dei fekk ynsket sitt oppfylt.

To studentar i labfrakk bøygd over eit omriss av ein menneskekropp på golvetDet ser ut som det har skjedd ei ugjerning i ShareLab i Forskingsparken. Omrisset av ein menneskekropp er markert på golvet, og teknikarar samlar prøver frå blodspor og hårstrå.

Heldigvis er dette berre ei ramme for eit labkurs som overingeniørane Benedikte Bøe og Sowmya Ramachandran skal halda for ei nysgjerrig gruppe studentar.

– SFI har bede om meir innføring i biologiske arbeidsmetodar enn det som vert gjeve i den vanlege undervisinga. Det ville vi jo gjerne koma dei i møte på, fortel Bøe.

– Sidan rettsmedisin er eitt av bruksområda for desse metodane, tenkte vi at vi kunne laga ei slags rammeforteljing rundt kurset.

Ei gruppe studentar samla rundt ein vask i laboratoriet

Dei to metodane som vart underviste i går ofte hand i hand. PCR er ein grunnleggjande metode for genomsekvensering. Den vert brukt til å kopiera opp større mengder DNA frå ein liten prøve, og mange kjenner nok bokstavane att frå COVID-testing, der denne teknikken vart brukt. PCR vert òg mellom anna brukt i kvalitets- og sikkerheitsanalyse av matvarer.

Gelelektroforese vert brukt til å samanlikna DNA-fragment. Den kan skilja ulike personar frå kvarandre, men ikkje åleine slå fast at nokon har vore på åstaden sjølv om DNAet deira matchar med funn derfrå. I dag kjøper ein gjerne ferdige gelar til gelelektroforese, men det er likevel viktig å kunna laga eigne gelar og skjøna forskjellane og kvifor ulike gelar vert føretrekt i ulike analysar.

Nærbilete av ein student som penslar noko på gummihansken sin

– Vi ynskjer å visa ekstra interesserte meir av spennvidda i farmasifaget og kva moglegheiter for spesialisering det gjev, til dømes i ei masteroppgåve, og gje dei eit tilleggstilbod til det vanlege pensumet, seier Bøe.

– Heldigvis har Veksthuset for verdiskaping gitt litt støtte til å gjennomføra kurset. Leiinga ved instituttet og på seksjonen har lagt til rette for at vi kunne møta studentane sitt initiativ, og vi har fått god hjelp av ingeniøren på ShareLab. SFI har spreidd ordet, kome med innspel på innhaldet, og kom altså med ideen og initiativet.

Kva studentane si etterforsking avdekka er ikkje kjend, men mange mistenkjer at det var Lars Lavendel med lysestaken på kjøkkenet.

Ei gruppe studentar studerer ein prøve over ein vask i laboratoriet

Nærbilete av ei hand som held opp ein blå pose med prøveinnhald

Ei gruppe studentar rundt ein undervisar i laboratoriet

Av Torstein Helleve, kommunikasjonsrådgjevar FAI
Publisert 9. mai 2023 14:47 - Sist endret 22. jan. 2024 10:22