Disputas: Frode Fossøy

Frode Fossøy ved Naturhistorisk museum (Zoologisk museum) vil forsvare sin avhandling for graden ph.d. (philosophiae doctor): Genetic diversity, immunocompetence and promiscuity in a socially monogamous passerine

Prøveforelesning

Se prøveforelesning

Bedømmelseskomité

Academy Professor Rauno V. Alatalo, Department of Biological and Environmental Science, University of Jyväskylä, Finland
Associate Professor Peter O. Dunn, Department of Biological Sciences, University of Wisconsin-Milwaukee, USA
Professor Christian Brochmann, Natural History Museum, University of Oslo

Sammendrag

Sjølv om dei fleste småfuglar dannar sosialt monogame par er utruskap relativt vanleg og mange hoer produserer "utanom-ekteskapelege" ungar. Kvifor desse hoene er utru, og kva dei oppnår med dette er framleis omdiskutert i forskinga. I sin doktoravhandling viser Frode Fossøy at desse hoene aukar kvaliteten på sine ungar ved å vere utru. Dei utanom-ekteskapelege ungane har både betre immunforsvar og større genetisk variasjon enn sine "innan-ekteskapelege" halvsysken.

Den auka genetiske variasjonen blant dei utanom-ekteskapelege ungane viser seg å vere forårsaka av at dei nabohannane som er fedre til desse ungane er mindre genetisk lik hoene enn deira sosiale makar. I tillegg er utanom-ekteskapelege ungar meir vanleg i reir der hoa og hannen er genetisk like, enn i reir der dei er meir ulike. Genetisk likskap er eit relativt mål, og det vil derfor ikkje vere ein bestemt hann som er bra for alle hoene, men ulike hoer bør føretrekke ulike hannar.

Men korleis kan hoene vite at ein hann er genetisk lik dei sjølve, eller om ein hann er mindre genetisk lik dei enn ein annan? Hos blåstrupe får omtrent halvparten av hoene ein eller fleire utanom-ekteskapelege ungar i eit gjennomsnittleg år. Dette kan bli tolka som at berre halvparten av hoene har vore utru. Men Fossøy viser at stort sett er alle hoene utru, også dei som ikkje får utanom-ekteskapelege ungar. Dette tyder på at hoene ikkje kan bedømme genetisk likskap på førehand og såleis velje og pare seg med ein genetisk ulik hann. Det verkar derfor som om at hoene parar seg med fleire meir eller mindre tilfeldig valte hannar og at det så skjer eit val av sperm-celler basert på genetisk likskap inne i hoa. Hoer som tilfeldigvis har ein genetisk ulik sosial han vil derfor kanskje ikkje få utanom-ekteskapelege ungar sjølv om dei har vore utru. Dette "kryptiske" valet krev ikkje at hoa er klar over verken sin eigen eller hannens genotype, men berre at ho parar seg med meir enn ein hann.

Utruskap er altså gunstig for blåstrupehoene ved at dei aukar sjansen for å pare seg med ein genetisk kompatibel hann, og såleis aukar immunforsvaret og den genetiske variasjonen hos sine ungar. Om dette er eit generelt mønster som også gjeld for andre artar gjenstår å sjå.

Mer informasjon finnes på websiden til The Lifjeld Research Group ved Naturhistorisk museum.

Kontaktperson

For mer informasjon, kontakt Elen Roaldset.

Publisert 30. mars 2012 15:35 - Sist endret 8. mai 2012 13:24