Disputas: Ingjerd Haddeland

Ingjerd Haddeland ved Institutt for geofag vil forsvare sin avhandling for graden ph.d. (philosophiae doctor): Anthropogenic impacts on the continental water cycle

Prøveforelesning

Se prøveforelesning

Bedømmelseskomité

Prof. Ph.D. Petra Döll, University of Frankfurt am Main
Prof. Dr. Pavel Kabat, Wageningen University and Resaerch Centre
Prof. Ph.D. Lars Gottschalk, Dep. of Geosciences, University of Oslo

Sammendrag

Menneska har gjort store inngrep i naturen, inngrep som påverkar den naturlege vassbalansen. Tradisjonelt har mange av desse påverknadane ikkje blitt tatt omsyn til i storskala hydrologiske modellar, lik dei som vert brukte for å representera landoverflata i værvarslingsmodellar. I dette doktorgradsarbeidet er det for ein slik hydrologisk modell utvikla enkle rutinar som skildrar effekten av store dammar, med tilhøyrande magasinering av vatn, og uttak av vatn til jordbruksformål. Verknadane av desse inngrepa er studert for Asia og Nord-Amerika, og resultata er samanlikna med dei hydrologiske verknadane av vegetasjonsendringar over dei siste 300 år. Resultata indikerer at omgjering av naturleg vegetasjon til jordbruksland har ført til minka fordamping og auka vassføring. Uttak av vatn til jordbruksformål, som fører til auka fordamping, har til ein viss grad har vegd opp for dei hydrologiske verknadane av vegetasjonsendringane. Store dammar fører til endra vassføring over året, og for eksempel tyder modellresultata på at at ferskvasstilførsla til det arktiske hav vinterstid no er 20-40 prosent høgare enn før dammane vart bygde. Arbeidet er utført ved Institutt for geofag, Universitetet i Oslo, i samarbeid med University of Washington, Seattle.

Kontaktperson

For mer informasjon, kontakt Nils Roar Sælthun.

Publisert 30. mars 2012 15:37 - Sist endret 13. apr. 2012 10:15