Prøveforelesning
Se prøveforelesningBedømmelseskomité
Professor Tim Coulson, Division of Biology, Faculty of Life Sciences, Imperial College at Silwood Park, UK
Professor of Evolutionary Palaeontology Mikael Fortelius, Department of Geology, University of Helsinki, Finland
Professor Tore Slagsvold, University of Oslo, Department of Biology, Norway
Leder av disputas: Professor Dag Hessen
Veileder: Nils Christian Stenseth (UiO), Atle Mysterud (UiO), Rolf Langvatn (UniS og NINA)
Sammendrag
Effektive tenner er eit særdeles viktig trekk for fødeutnytting og energiopptak for alle store, landlevande planteetarar. Aldersrelatert tannslitasje og dermed redusert tyggeeffektivitet har av mange blitt halde fram som ei viktig årsak til aldring. I sitt doktorgradsarbeid i biologi ved Universitetssenteret på Svalbard og Universitetet i Oslo har Vebjørn Veiberg undersøkt kva effektar miljø og livsstrategi har for tannslitasje hos viltlevande hjorteviltartar. Det viktigaste bidraget til dette arbeidet er påvisinga av ein funksjonell samanheng mellom tannslitasje og fordøyingsrelaterte forhold. Andre vesentlege funn omhandlar korleis variasjon i miljø og livshistorie påverkar mønster i tannslitasje både innan og mellom artar.
Sentrale funn i doktorgraden er påvisinga av aldersavhengig reduksjon i tyggeeffektivitet, og at dette har målbar effekt for fordøyingsprosessar og energiopptak hos svalbardrein. Tenner er tilpassa å vare heile den forventa levetida til eit individ. Endring i bestandstettleik eller utbreiingsområde kan derimot medføre relativt raske endringar i miljøforhold. Desse forholda er i neste omgang forventa å påverke fødekvalitet og potensielt også tannslitasje. Data frå franske rådyr viste at investering i tenner var meir påverka av forventa levelengde enn kvaliteten på leveområda. Analysar av eit særs omfattande datamateriale frå norsk elg og hjort viste at varierande miljøforhold også har effekt på tannslitasjerater. Det var likevel tydelege artsspesifikke mønster som i liten grad vart påverka av den eksisterande variasjonen i levevilkår. Dette understrekar at tidlegare evolusjonære prosessar har større innverknad på generelle mønster i tannslitasje enn variasjon i dei miljøforholda som dyr opplever i dag.
Kontaktperson
For mer informasjon, kontakt Gry Slettner Windsland.