Disputas: Eli Winjum

Eli Winjum ved Institutt for informatikk vil forsvare sin avhandling for graden dr.scient. (doctor scientiarum): Trust metric routing in ad hoc networks

Prøveforelesning

Se prøveforelesning

Bedømmelseskomité

Associate Professor Javier Lopez, Computer Science Department, E.T.S. Ingeniería Informática, University of Malaga, Spain
Professor II Kjersti Moldeklev, Institutt for telematikk, NTNU
Førsteamanuensis II Knut Øvsthus, Unik/FFI, Kjeller

Sammendrag

Formålet med avhandlinga er undersøkja kor vidt mobile trådlause ad hoc-nett kan styrka kommunikasjonen i redningsoperasjonar. Avhandlinga syner at slike nett kan auka kapasiteten i det nye naudnettet og gjera det mindre sårbart.

For lettare å gjera dei mobile og trådlause ad hoc-terminalane til eit samanhengande kommunikasjonsnett, foreslår avhandlinga ein rutingsstrategi som gjer det mogleg å utnytta "framande" nettnodar til å vidaresenda informasjon til mottakarar ein elles ikkje kan nå. Eit sett av lite ressurskrevjande sikringstenester sørgjer for at ein kan skilja mellom ruter som nyttar berre eigne nodar og ruter som også nyttar framande. Simuleringsresultat syner at rutingssamarbeid av denne typen gir eit nett med betre yteevne. Konseptet vil vera nyttig til dømes når to eller fleire domene kvar for seg ikkje kan oppnå ein samanhengande nett-topologi, og når domene som ikkje fullt ut stolar på kvarandre, deltek i operasjonar som krev felles kommunikasjonsnett.

Mobile trådlause ad hoc-nett fungerer uavhengig av teknisk infrastruktur. Nettnodane er brukarterminalar som sender og mottek tale og data som ein mobiltelefon eller ein handhalden PC. I tillegg er terminalen ein IP-ruter. Nodane set opp trafikkruter seg i mellom slik at alle kan kommunisera med alle. Sidan mellomliggjande nodar vidaresender trafikk, treng ikkje mottakaren å vera innanfor rekkevidda til sendaren. Det er nok at det mellom sendar og mottakar finns ein ”sti” av nodar som ”høyrer” kvarandre. Ad hoc-netta må sikrast mot åtak frå aktørar som ynskjer å avlytta eller å manipulera nettet for å få kontroll over trafikkflyten. Tradisjonelle sikringsløysingar er ofte sentraliserte og krev høg overføringskapasitet, stor reknekraft og ein fast infrastruktur. I ad hoc-nett er ressursane knappe, og nett-topologien endrar seg heile tida. Sikringstenestene bør difor vera distribuerte og lite ressurskrevjande.

Forskingsarbeidet er utført ved Universitetsstudiene på Kjeller og er støtta av Norges Forskningsråd, Thales Norway AS og Forsvarets forskningsinstitutt.

Kontaktperson

For mer informasjon, kontakt Narve Trædal.

Publisert 30. mars 2012 15:53 - Sist endret 13. apr. 2012 10:21