Referat frå møte i fysisk fagutval 10. mai 2011

  1. GAD
    • Godkjent
  2. GAR
    • Godkjent
  3. POST
    • Innkalling til generalforsamling i fysikkforeininga
  4. MØTE
    • Likestillingsutvalet
      • Likestillingsutvalet vil gjerne halda fram med nettverkssamlingar, kurs, veninneveileder (no gjennom lille my), i tillegg til førelesningar med kvinnelege førelesarar og frukostnettverk for kvinnelege tilsette og studentar.
      • Me kan gjera SUFU merksame på at me ynskjer kvinnelege førelesarar.
      • Mange kvinner ynskjer gjerne ikkje ta på seg ting dei ikkje er heilt trygge på, då kan det vera bra med kurs.
  5. HYTTETUR
    • Alle som ikkje har meldt seg på må melda seg på.
    • Første gruppa drar ca. 12 og så drar Henrik med ein baktropp seinare.
    • Me planleggjer handling etterpå.
  6. FAGEVALUERING
    • Me har fått melding om at me bør evaluera masterkurs, mellom anna "UNIK4150 antenner og radiobølgeutbredelse". Me kan be om fleire masterkurs til hausten. Me snakkar om å skriva eit program for å gjera etterarbeidet enklare. Me høyrer med nettskjema-menneska om slikt eksisterer, viss ikkje ber me Sigve, Audun eller Robert om å skriva eit program. 
    • Oversyn over fag som evaluerast i vår:
    • FYS1000 er sendt ut. Det er kome over 50 svar allereie.
    • FYS-MEK er stengt og rapporten er ferdig. Resultata frå FYS-MEK må sendast til Anders Malthe-Sørensen.
    • FYS2130 er ferdig, data skal sendast til Arnt Inge.
    • FYS2140 er sendt ut og blesta. Luis og Live skal skriva rapport.
    • FYS3510 stengte sundag, over halvparten har svart.
  7. STUDENTUNDERSØKING
    • Mykje bra om kompendier, me skal skriva eit notat til SUFU. Elles er det interessant at folk kjenner dårleg til bygget. Jonas og Fredrik skal på møtet med Lars Bernhardsen og Einar Sagstuen i morgon om Fysikkbygget.
    • Sidan folk kjenner dårleg til bygget bør me skriva meir om oss sjølv på nettsida og hengja opp lappar slik at folk får vita at me finst.
    • Espen har tenkt å ha eit kurs om tips og triks for dei nye fadderbarna. Då kan me informera om bygget.
  8. SPILLKVELD
    • Me må ha knask til spillkvelden.
  9. FELTTUR
    • Me har takka ja til tannlegehytta. Yngvil skal arbeida vidare med å finna førelesar.
  10. KNASK
    • Knask er godkjent. Audun tek med knask neste gong.
  11. EVENTUELT
    • Skap
      • Nokon har vore og henta tinga sine
    • Champions league-finale 28. mai. Me kan visa kampen i Lillefy. Jan Fredrik og Luis tek ansvar. Luis pratar med fysikkforeininga og Mari har ansvar for at det vert blesta. Me kjøper inn knask. Espen reserverer rom.
Av Eva Holthe Enoksen, sekretær
Publisert 24. mai 2011 16:57