Skred av geostudentar frå UiO på Geofaredagen 2023

Den nasjonale Geofaredagen vart arrangert av Høgskulen på Vestlandet (HVL) 19.-20. oktober i Sogndal. Rekordmange studentar frå UiO deltok på denne fagkonferansen dedikert til geofare.

Deltakarane frå Institutt for geofag på årets Geofaredag 2023 i Sogndal. I år hadde alle studentane fra eit emne meldt seg på, og dette sikra høg deltaking frå Universitetet i Oslo. Nedst frå venstre fyrste rad (på kne) sees instituttbestyrar Bernd Etzelmûller, ved siden av han, Karianne S. Lilleøren, som er utdanningsleiar ved Institutt for geofag. Foto: Privat

Deltakarane frå Institutt for geofag på årets Geofaredag 2023 i Sogndal. I år hadde alle studentane fra eit emne meldt seg på, og dette sikra høg deltaking frå Universitetet i Oslo. Nedst frå venstre fyrste rad (på kne) sees instituttbestyrar Bernd Etzelmûller, ved siden av han, Karianne S. Lilleøren, som er utdanningsleiar ved Institutt for geofag. Foto: Privat


Årets Geofaredag gjekk av stabelen 19.-20. oktober. Geofaredagen er ein viktig arena og møteplass for alle som arbeider med geofare i Norge. Her møtes dagens og fremtidas geofareforskarar, dei som underviser i geofare og andre som jobbar med geofare. Tematisk dekker konferansen ”geofarar” breidt, frå ekstremvær til jordskjelv, vulkanutbrot, flaum, skred og tsunamiar og andre prosessar som kan utgjera ein risiko.

Dagen vert arrangert som ein todagers nasjonal konferanse. Den fyrste dagen er ein fagdag med inviterte foredrag, korte muntlege presentasjonar og posterpresentasjonar. Den andre dagen er via ekskursjonar for å sjå skader etter geofarehendingar ute i naturen slik som ras/flom.

I målgruppa for konferansen er studentar som arbeider med geofare-problemstillingar i sin bachelor-, master- og doktorgrad, men også dei som nyleg har avslutta studiet – dette er neste generasjons forskarar innan geofareproblemstillingar. 

Ny deltakarrekord frå GEO:UiO

UiO var godt representert på geofaredagen! Studentar frå eit heilt emne - GEO3034/4034 – Geofarer/Geohazards deltok på konferansen i Sogndal. Dette er eit emne som går kvar haust ved Institutt for geofag, og som kan tas av både bachelor- og masterstudentar som tek geofag. 

Fleire av dei som presenterte på posterprogrammet var studentar på emnet som nemnt ovanfor. I tillegg presenterte fleire masterstudentar sine prosjekter. I alt var det sju studentprosjekter frå UiO med posterpresentasjonar på årets program.

Koordinatorane for årets konferanse vert takka av for sin innsats for å arrangera årets Geofaredag 2023. Foto: Bernd Etselmüller
Koordinatorane for årets konferanse vert takka av for sin innsats med å arrangera årets Geofaredag 2023. Foto: Bernd Etselmüller

Alternerer om å arrangera

Geofaredagen er ein nasjonal konferanse som fleire høgare studiestadar samarbeider om å arrangera. Arrangøransvaret alternerer på dei samarbeidande institusjonane. I 2022 var konferansen i Trondheim arrangert av NTNU, året før var den i Tromsø arrangert av UiT Norges arktiske universitet, og i år var det Instituttet for miljø- og naturvitskap, HVL som var arrangør.

Konferansen er ein møteplass der studentar i geofare kan møta fagfolk frå ulike sektorar, offentleg forvaltning og/eller private selskap. Det er også ein arena for studentar til å treffe andre som studerer geofare. Det er og ein arena der ein kan utveksla erfaringar, presentera forsking og utvikling, og diskutera fag. Konferansen er på norsk, men bidrag på engelsk vert også akseptert.

Sjå programmet for årets konferanse

Geofaredagen, 19.-20. oktober 2023, Campus Høgskulen på Vestlandet  
 

Av Gunn Kristin Tjoflot/UiO
Publisert 6. nov. 2023 21:18 - Sist endret 6. nov. 2023 21:18