Posterpresentasjonar gir god læring for bachelorstudentane i geofag

Temaet var geofare, og oppdraget til fyrsteårstudentane på 'Geologi og geografi'-studiet var å laga informative posterar om potensielle geofarar. Posterane vart seinare presentert på ein tenkt "Global Geofarekonferanse 2024", og resultatet var både flott design og godt fagleg innhald. 

Foto: Her er studentane som var fyrst ut med presentasjon av posterar på "konferansen", nummer to frå venstre: Isak, Benjamin, Stine, Trude og Mikal. Det var fleire som var med å ha laga posterane, men ikkje alle kunne vera til stades på visninga. Heilt til venstre i bildet står Anders Mattias Lundmark. Foto: Gunn Kristin Tjoflot/UiO

Her er studentane som var fyrst ut med presentasjon av posterar på "konferansen". Nummer to frå venstre: Isak, Benjamin, Stine, Trude og Mikal. Det var fleire som var med å ha laga posterane, men ikkje alle kunne vera til stades på visninga. Heilt til venstre i bildet står Anders Mattias Lundmark. Foto: Gunn Kristin Tjoflot/UiO

Kunnskap om god formidling og ulike former for presentasjon av fagstoff er nyttig kompetanse for studentane å ha med seg i både studia og seinare i arbeidslivet. Dette har Anders Mattias Lundmark tatt høgde for, og han nyttar ofte formidling og presentasjonar som ledd i undervisninga i eit av dei grunnleggande emnene for bachelorstudentane i geologi og geografi ved Universitetet i Oslo.

Lundmark er førsteamanuensis i geologi og geodidaktikk ved Institutt for geofag, og ansvarleg for emnet GEO1110 – Jordens indre og ytre prosesser. Dett er eit emne som studentane tek i 2. semester av studiet i geologi og geografi.

Geofarar, frå tsunamiar til flom og laharer

Denne heilt vanlege tysdagen, 23. april hadde Lundmark invitert studentane, og eit lite publikum til ein to timars "Global Geofarekonferanse 2024". Konferansedeltakarane var studentane sjølve, og forut for "konferansen" hadde dei hatt som heimeoppgave å laga posterar i eit sjølvvald tema innan geofare til framsyning på konferansen.

Studentposterane hadde både fokus på geofarar som kan førekomma her i landet, men som også kan skje overalt i verda. Dei seks posterane omhandla temaene under og hadde titlane:

  • Kampen mot snøskred
  • Laharer (Vulkanenes grå tårer)
  • Tsunami – Forårsaket av jordskjelv
  • "BØLGEN" IRL (in real life)
  • Vannets vei: Et dykk i flom fenomener
  • 津波 Tsunami

Posterane var hengt opp i seminarrommet og vart presentert av studentane. Kvar poster var laga av 2-4 studentar, og gav eit innblikk i ein geofare. Etter kvar presentasjon svara dei som hadde laga posterane på spørsmål frå publikum, og dei fekk også nyttig feed back om innhald og design frå lærar og medstudentar.

Det var mykje interessant å høyra undervegs i presentasjonane. Ein av studentane bak posteren "BØLGEN" IRL om flodbølger med Loen i Sogn som eksempel, kunne opplysa om at han var frå ein stad ikkje så langt unna der flodbølga hadde råka i si tid.

Foto: Studentane med dei tre siste posterane for presentasjon denne dagen (frå venstre); Sverre, Oscar, Johanne, Igor, Thea, Mathilde og Linde. Også her var det fleire studentar som ikkje kunne vera tilstades på presentsjonen. Foto: Gunn Kristin Tjoflot/UiO
Studentane med dei tre siste posterane for presentasjon denne dagen (frå venstre); Sverre, Oscar, Johanne, Igor, Thea, Mathilde og Linde. Også her var det fleire studentar som ikkje kunne vera tilstades på presentsjonen. Foto: Gunn Kristin Tjoflot/UiO

Det vart også tid til mingling og enkel servering før presentasjonane. Alle fekk god tid til å ta ein nærare titt på kvar einskild poster. I alt var det seks fine posterar hengt opp.

Arbeidet med poster og presentasjonen tel med som ei av fire heimeoppgåver i emnet GEO1110, og vert dei vurdert ut frå visse kriterier ifølgje faglærar. 

Presentasjon og vurdering

– Eit av kriteria for å vurdera det faglege innhaldet er om posteren viser konsekvensar av sjølve geofaren. Eit anna krav er at det må nemnast eit eksempel for ei hending av geofaren. Tilbakemeldingar vert óg gitt på kriteriene; innhald og design, kunne Lundmark opplysa om.

I tillegg skal kvar poster ha ein vitskapleg form med referansar og krediteringar på foto og anna brukt i oppsettet. Det var mange fine posterar å sjå utstilt, alle hadde god layout, fine bilete og illustrasjonar. 

Avslutningsvis kan det nemnast at Lundmark har brukt posterpresentasjonar som ledd i undervisinga i fleire år. Han har arrangert utstillingar av studentpostarar ved Institutt for geofag, slik som denne som du kan lese om her: Studentane stiller ut! 

Studentar har også stilt ut på konferansar i utlandet, sjå artikkelen frå nokre år sidan: GEO-studenter med postere på 33rd Nordic Geological Winter Meeting, København (2018).

Av Gunn Kristin Tjoflot
Publisert 13. mai 2024 15:49 - Sist endra 14. mai 2024 15:49