Ny digital studiekvardag – Geofag på digitale plattformar

Grunna covid-19 situasjonen vart universitetets bygningar stengt 12. mars. Dette opna opp for ein digital studiekvardag ved Institutt for geofag, og med undervisning og kontakt med studentane via videolink.

Møter på videolink:  Utdanningsleiar ved Institutt for geofag, Karianne S. Lilleøren via videolink  allmøte med studentane fredag 27. mars. – Det er viktig å gi studentane eit rom for å møta oss som jobbar på insituttet, og der dei kan stilla spørsmål og få svar på det dei lurar på, seier Karianne S. Lilleøren.

Videolink:  Utdanningsleiar ved Institutt for geofag, Karianne S. Lilleøren på allmøte via videolink med studentane fredag 27. mars. – Det er viktig å gi studentane eit rom for å møta oss som jobbar på insituttet, og der dei kan stilla spørsmål og få svar på det dei lurar på, seier Karianne S. Lilleøren. Foto: Gunn Kristin Tjoflot/GEO.

Alle ved Institutt for geofag måtte omstilla seg raskt då koronasituasjonen medførte at UiOs bygningar vart stengt klokka 18:00 den 12. mars. Det er i skrivande stund usikkert når normal opning og drift ved norske universitet og høgskular kjem i gang igjen.

Stipendiat Andreas Alexander, Institutt for geofag har fleksibel arbeidsplass for undervisninga på heimekontoret sitt. Han tipser om bruk av spørjeundersøkingar og bruk av delte dokumenter. Foto: Privat
Arbeider heimanfrå: Stipendiat Andreas Alexander, Institutt for geofag har fleksibel arbeidsplass for undervisninga på heimekontoret sitt. Han tipsar om å bruka spørjeundersøkingar og delte dokument. Foto: Privat

Undervisarane har sidan den gong lagt inn ein betydeleg innsats for å digitalisere undervisninga i sine respektive emner.  Ved UiO var det allereie eit opplegg for videomøter med direkte overføringar (streaming). Nettopp denne løysinga vart tatt i bruk for forlesningar, og kontakt mellom studentane og forelesarane.

Mange endringar i undervisninga

På denne tida er studentane midt i semesteret, og mange har midtvegseksamen, oppgåver (og sågar kommande feltarbeid) og diverse fristar som kjem på løpande bånd. Tiltak som var naudsynt å gjenomføra innan undervisninga var fleire.

– Det er viktig å halda fokus på studentane og gi kontinuitet i undervisninga, seier Karianne S. Lilleøren. Ho er utdanningsleiar ved Institutt for geofag. – Nokre masterstudentar hadde tidleg frist for innlevering av masteroppgava den 15. april. Alle fristar i forbindelse med innleveringar av masteroppgåver vart forlenga. Studentane må jobba heima dei og, og mange har krevjande arbeidsforhold. De må få ekstra tid å områ seg og lage seg nye rutiner i kvardagen. Når det gjeld midvegseksamenar har MN-fakultetet avlyst desse for våren 2020, opplyser ho.

Endringar vurdert fortløpande

Som utdanningsleiar har ho vore travelt oppteke med å tilpassa undervisninga og har i periodar delteke på daglege videomøter med utdanningsleiarane på dei andre MN-institutta. Leiargruppa ved fakultetet arbeider kontinuerlig for å håndtera situasjonen.

– Ikkje så få emner ved Institutt for geofag har i tillegg feltarbeid, og om desse kan gjenomførast må vurderast for kvart enkelt emne, seier ho. – Vi veit jo heller ikkje korleis situasjonen utviklar seg inn i vårens feltsesong.

Inviterte alle studentane på digitale møter

For å halda kontakten med studentane har ho teke initiativ til og invitert alle studnetane på allmøter via videolink. Til no har det vore tre slike møter. Møtene har vorte halde med rundt 20 deltakarar, dei fleste studentar, men også andre tilsette ma frå GEOs studieadministrasjonen.  Det siste møtet vart halde rett før påske, mandag 6. april.

Ifylgje ei poll-undersøking gjort på eit av dei digitale allmøta, oppga 65 % at deltakarane at dei hadde delteke på digital undervisning til no. 

Disputerer via videolink

Ein annan implikasjon med stengte bygningar er at også disputaser må haldast digitalt. Den aller fyrste digitale disputasen ved instituttet vert dermed gjenomført den 1. april.  Dette var også den andre digitale disputasen ved MN-fakultetet, UiO.

Bildet kan inneholde: kart.
Digital disputas: Den fyrste disputasen via videolink ved Institutt for geofag vart forsvart av Anna Elisabeth van Yperen. Les om den her. Illustrasjon; Yperen/Institutt for geofag.

Kandidaten var Anna Elisabeth van Yperen, stipendiat ved Seksjon for geologi og geofysikk, GEO.  Hennar doktorgradsarbeid var om avsetningar i innhav og elvedeltaer, og hadde tittel: From river to delta: down-dip changes in facies, architecture, and key stratigraphic surfaces in a low-accommodation setting (link)

Ein teknisk ansvarleg, Kjetil Bakke frå IT-seksjonen/GEO, styrte det digitale opplegget. Professor Jens Jahren, frå Seksjon for geologi og geofysikk, GEO leia sjølve disputasen via videolink. Disputasen var vellukka gjenomført både digitalt og med forsvar. Det var over 100 deltakar som deltok via videolink. Etter disputasen gav mange av dei sine gratulasjonar til Anna via skjermen. 

Fleire disputaser er beramma denne våren ved Institutt for geofag. Som vanleg vert desse annonsert på nett, og om disputasane er digitale eller vert haldne i auditorium 1 i Geologibygningen er avhengig av covid-19 situasjonen.

- - - - 

Informasjon om koronaviruset (COVID-19) ved UiO. 

Av Gunn Kristin Tjoflot
Publisert 6. apr. 2020 13:32 - Sist endret 18. aug. 2023 12:56