Fagleg-pedagogisk dag 2022

Torsdag 3. november er det Fagleg-pedagogisk dag ved UiO. Dagen eit tilbod til lærarar for fagleg påfyll i fag dei underviser i eller ynskjer å læra meir om. I år er foredraga fysiske og ikkje digitalt. Institutt for geofag og NHM deltek med fire foredrag, sjå programmet her!

Foto: Besøk Faglig-pedagogisk dag 2022 ved Universitetet i Oslo for spennande forelesingar innan mange fagløp. Foto: gk/UiO

Besøk Faglig-pedagogisk dag 2022 ved Universitetet i Oslo for spennande forelesingar innan mange fagløp. Foto: gk/UiO

På fagleg-pedagogisk dag torsdag 3. november tilbyr Institutt for geofag i samarbeid med Naturhistorisk museum i alt fire foredrag. I år er alle forelesingane fysiske og ikkje understøtta av webinar eller videolink.

Underviser du i geofag, geografi og beslekta fag eller er interessert i geofag og naturfag, få med deg nokre av foredraga. Denne dagen er ein fin anledning til å læra noko nytt.

På programmet:

10:15-11:00: Modellering for en Digital Jord. forskar Grace Shephard
 
11:15-12:00: Ikke bare dinosaurer og diamanter - de nye utstillingene på NHM som læringsressurser. professor Jørn Hurum, Naturhistorisk museum
 
12:15-13:00: Med geologisk kunnskap fra norske kratre til Jezero Crater på Mars. professor emeritus Henning Dypvik
 
13:15-13:45: Klimafølsomheten: Klimaforskningens Hellige Gral?. professor Terje Koren Berntsen
 
Kjem du tidleg? Klokka 9.15 –10.00 kan du få med deg foredraget Platetektonikk - nytt program på Viten.no, med førstelektor Wenche Erlien, Naturfagsenteret. 
 

Les om foredraga på fagløp geofag på programmet!

 

Påmelding:

Faglig-pedagogisk dag er satt saman av fleire fagløp, og du vel sjølv dei forelesingane du vil delta på slik at du kan få ditt eige program for dagen. Dagen er gratis og open for alle som jobbar i skulen. 
 
Hugs å melde deg på forelesingane som du skal delta på via nettskjemaet som ligg under kvar einskild forelesing: https://www.uio.no/om/samarbeid/skole/fagped-dag/

Velkomen til interesserte!

Publisert 12. okt. 2022 13:02 - Sist endra 4. jan. 2024 13:22