English version of this page

Ei storsatsing i ukjent territorium – GoNorth-ekspedisjonen

Hausten 2022 vart det fyrste forskingstoktet i GoNorth-ekspedisjonen gjennomført. Eit mål med ekspedisjonen er mellom anna å utforska den geologiske forhistoria til danninga av Polhavet. Professor Jan Inge Faleide er med i leiinga av GoNorth, og er intervjua av Geoforskning.no om ekspedisjonen.

Professor Jan Inge Faleide (til høgre) i samtale med GoNorth-prosjektleiar Gunnar Sand (i midten) og forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe på forskingsskipet FF Kronprins Haakon. Foto: Ronny Setså/Geoforskning.no

Professor Jan Inge Faleide (til høgre) i samtale med GoNorth-prosjektleiar Gunnar Sand (i midten) og forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe på forskingsskipet FF Kronprins Haakon. Foto: Ronny Setså/Geoforskning.no

GoNorth er ei storsatsing for utforsking av Polhavet, også kalt Nordishavet, og skal foregå i tre delekspedisjonar frå 2022 til 2024. Ekspedisjonen er Norges største satsing hittil på utforsking av det polare havområdet i nord, og har vore under planlegging i 12 år. I alt 13 universitet og forskingsinstitutt deltek i denne storsatsinga, og forskingsmåla er tverrfaglege og for mange forskjellige fagområder.

Frå Institutt for geofag er professor Jan Inge Faleide med i leiinga av ekspedisjonen, samt at forskar Alexander Minakov er nestleiar og deltakar på haustens tokt. I tillegg deltek forskar Juan Camilo Meza Cala frå instituttet.

Foto frå toktet, 18. oktober var det norske forskingskipet FF Kronprins Haakon nord for Svalbard og møtte sjøisen. Foto: Daniel Albert/GoNorth
Foto frå toktet, 18. oktober var det norske forskingskipet FF Kronprins Haakon nord for Svalbard og møtte sjøisen. Foto: Daniel Albert/GoNorth

Tre tokt over tre år med forskingsskipet skal vera med på å løysa tre geologiske gåter, forklarar Faleide i dette intervjuet på geoforskning.no.

 

Den fyrste delen av GoNorth-  ekspedisjonen vart gjenomført i to deltokt frå oktober til november 2022, og er det fyrste av dei tre planlagte tokta. 

Les intervjua i Geoforskning.no

Storsatsing i ukjent territorium, geoforskning.no 14.10.2022

Hvordan ble Polhavet dannet?, geoforskning.no 21.10.2022

Meir om GoNorth-ekspedisjonen

Les alt om ekspedisjonen og sjå daglege rapportar og fantastiske bileter frå GoNorth-toktet del 1 (hausten 2022) på prosjektsida til Sintef med dokumentasjon om ekspedisjonen:

GoNorth (Geosciences in the Northern Arctic)

Om Polhavet

Polhavet eller Nordishavet er det minste, grunnaste og nordlegaste av dei fem verdshava. Det ligg i det arktiske området rundt Nordpolen. (Wikipedia)

Publisert 23. des. 2022 11:39 - Sist endret 11. okt. 2023 13:06