Frå vikingbusetjingar til landhevingar – Pollenanalysens «grand old lady» er 100 år

Førsteamanuensis emerita, Kari Egede Henningsmoen ved Institutt for geofag fylte 100 år den 31. mai 2023. Ho er framleis aktiv forskar på sitt fagfelt – palynologi, som er studiar av fossilt pollen. Den 2. juni vart ho heidra med eit seminar, festskrift og helsingar frå kollegar og vener. Les meir om henne på titan.uio.no m.fl.

Kari Egede Henningsmoen, på seminaret den 2. juni i DNVA sine lokaler arrangert av Institutt for geofag i anledning hennar 100-års jubileum. Foto: Gunn Kristin Tjoflot/UiO

Kari Egede Henningsmoen, på seminaret den 2. juni i DNVA sine lokaler arrangert av Institutt for geofag i anledning hennar 100-års jubileum. Foto: Gunn Kristin Tjoflot/UiO

Kari Egede Henningsmoen har nettopp fylt 100 år, men dette er ikkje noko hindring for denne aktiva dama som er «på kontoret» ved Institutt for geofag minst ei gong i veka.

Bildet viser en rekonstruksjon av et langhus fra den norrøne bosetningen på L'Anse Aux Meadows National Historic Site, Newfoundland. Foto: iStock
Kari var med på undersøkingar på Anne Stine og Helge Ingstads arkeologiske utgravingar på Newfoundland. Bildet syner ein rekonstruksjon av eit langhus frå den norrøne busetninga, sjå meir frå nettsida L'Anse Aux Meadows National Historic Site, Newfoundland. Foto: iStock

Ho forskar på eldgamalt pollen som kan avsløra klima og vegetasjon frå fortida, landbruk og busetjingar. Jubilanten vart heidra med eit seminar og 100-års-jubileum ved Institutt for geofag, 2. juni i DNVA sine lokaler i Drammensveien 78.

Bak seg har ho ein lang karriere som forskar innan sitt fagfelt palynologi, men ho har alltid arbeida tverrfagleg mot andre tilstøytande fagområder, her kan det nemnast  arkeologi, geologi, botanikk, paleobotanikk og kvartærgeologi. Kari Henningsmoen er kanskje mest kjend for å ha gjort undersøkingar under Anne Stine og Helge Ingstads arkeologiske utgravingar på 60-talet av ein vikingbusetning ved L'Anse Aux Meadows på Newfoundland, men ho har gjort mykje meir enn det.

Les meir om Kari her:

Pollenanalysens «grand old lady» er trolig UiOs eldste aktive forsker, titan.uio.no, 23.06.23

Kari Egede Henningsmoen Pollenanalysens “grand old lady” og Norges første statsgeolog er 100 år. Artikkel skrevet av Rolf Sørensen og Helge I Høeg, Geonytt Årgang 28 - Nr. 2 Juni 2023 ISSN 2703-8580

Publisert 26. juni 2023 13:15 - Sist endret 23. nov. 2023 17:04