30 sensorar i Juvflyas permafrost skal måla klimaendringar i høgfjellet

I prosjektet "Fjellviten" er det eit mål å auka kunnskapen om klimaendringar i den norske fjellheimen blant befolkninga, men eit mål for forskarane er óg å få nøyaktige målingar og data på temperaturendringar i permafrosten ved Juvflya i Jotunheimen. Forskerteamet frå UiO/MET/NTNU og Klimapark 2469 er nylig intervjua om prosjektet av NRK Innlandet.

Foto: Slik kan også klimaforsking sjå ut! Ei kraftig boremaskin må til for å laga eit 45 meters djupt hol i grunnfjellet der sensorane for å måla temperaturendringar i permafrosten skal senkjast ned. Foto: Yngve Vogt/Apollon/UiO

Slik kan også klimaforsking sjå ut! Ei kraftig boremaskin må til for å laga eit 45 meters djupt hol i grunnfjellet der sensorane for å måla temperaturendringar i permafrosten skal senkjast ned. Foto: Yngve Vogt/Apollon/UiO

I prosjektet "Fjellviten" jobbar forskarane frå UiO/MET/NTNU i samarbeid med Norsk fjellsenter og Klimapark 2469 for å auka kunnskapen om klimaendringer i høgfjellet blant befolkninga. Ved Jotunheimen, like ved Juvasshytta, har dei no bora eit lite men imponerande djupt hol på 45 meter ned i fjellet. Føremålet med holet er å måla permafrosten med sensorar plassert med ulik djupnad.

Med sensorane kan forskarane måla temperaturane i grunnfjellet i sanntid, og planen er at temperaturane skal formidlast vidare slik at alle interesserte kan fylgja  med og sjå korleis klimaendringer påverkar frosten i grunnfjellet og slik fjellområda våre. Prosjektet har óg som mål å samla data til forskning på permafrosten i fjellområdet. Frå Institutt for geofag, UiO deltek Bernd Etzelmüller og Trond Eiken i prosjektet.Lær meir om prosjektet "Fjellviten" og arbeidet til forskarane i lenkene under.

Les meir om "Fjellviten" her:

Klimapåvirkningene på høyfjellet digitaliseres i nytt forskningsprosjekt, NRK Innlandet, distriktsnyheitene, 10.07.2024

Sjå også innslaget om dette på NRK Innlandet distriktsnyheiter: https://tv.nrk.no/se?v=DKIN98070324&t=138s

Publisert 4. juli 2024 13:05 - Sist endra 4. juli 2024 13:05