Klimaendringar gjer fjellet farlegare

Eit varmare klima kan gjera at det vert farlegare å gå i fjellet.  Når evig is, snø og permafrost tinar i bratte og ustabile fjellparti kan det utløysast steinskred, og hengebrear kan gi isskred. Professor Bernd Etzelmüller, Institutt for geofag er intervjua saman med fleire andre i prosjektet 'Klimarisiko i Jotunheimen' av NRK.

Foto: Fleire fjellparti i Jotunheimen har permafrost. Her er ei gruppe GEO-studentar frå UiO på feltarbeid, og dei står her på ein iskjernemorene framfor Kjelbreen på Juvflye i Jotunheimen. Morenen er fleire tusen år gamal og inneheld framleis breis. Foto: Simen Kjellin/UiO

Fleire fjellparti i Jotunheimen har permafrost. Her er ei gruppe GEO-studentar frå UiO på feltarbeid, og dei står på ein iskjernemorene framfor Kjelbreen på Juvflye i Jotunheimen. Morenen er fleire tusen år gamal og inneheld framleis breis. Foto: Simen Kjellin/UiO

Fleire ekspertar og forskingsinstitusjonar samarbeider i det regionale forskingsprosjektet «Klimarisiko i Jotunheimen».  Bakgrunnen for prosjektet er den store auka i tal på redningsaksjonar i Jotunheimen, sett i ljos av at den evige kulden (permafrost) i høgfjellet tinar, som kan medføra fare for ras av is og stein. Tidlegare trygge stignett eller vegsystem kan dermed verta uttrygge, og det kan oppstå ulykker der det må inn redningsoperasjonar med helikopter og redningspersonale. Men kvar vert det utrygt?

I prosjektet «Klimarisiko i Jotunheimen», skal forskarane sjå på fjellredning i ei tid med klimaendringar. Ein av ekspertane som deltek er Bernd Etzelmüller, professor ved Institutt for geofag. Med seg har han to studentar som går på masterstudiet i geofag, ved Universitetet i Oslo. Dei to skriv masteroppgåva si som ledd i forskingsprosjektet. 

Les meir i artikkelen:

Klimaendringane gjer fjellet farlegare, artikkel på nett frå NRK/Innlandet, 18.02.2024

Sjå også innslag på NRK/distriktsnyheiter: https://tv.nrk.no/serie/distriktsnyheter-oestnytt/202402/DKIN98021324/avspiller  (innslaget starter etter 4.40 i sendinga)

Publisert 19. feb. 2024 15:57 - Sist endra 19. feb. 2024 15:57