Lokalt mineral kan rensa forureining frå gruveslagg på Røros

Kopargruvene på Røros er nedlagt, men avfall frå gruvene forureinar. Forskarar frå Institutt for geofag, UiO, Sintef og NIVA gjorde eit overraskande funn av eit mineral i området, eit mineral som kan absorbera forureininga. Prof. em. Håkon Austrheim var sentral i funnet. Les mer på Geoforskning.no

Foto: Smeltehytta på Røros med slagg av avfall frå smelteprosessen av stein ifrå gruvene på Røros Kobberverk. Ei stor elv renn like ved og vert forureina. Foto: Pixabay/torill_ivers0

Smeltehytta på Røros med slagg av avfall frå smelteprosessen av stein ifrå gruvene på Røros Kobberverk. Ei stor elv renn like ved og vert forureina. Foto: Pixabay/torill_ivers0

Kopargruvene på Røros i Trøndelag vart nedlagt i 1977, men dei lekker helseskadelige tungmetaller og forgiftar vatnet. Forskarane frå Institutt for geofag, Sintef og NIVA fann overraskande mineralet dypingitt då dei undersøkte bergarter på Røros. Dette er eit mineral som kan absorbere tungmetaller, og som kan hjelpa til med å få bukt med forureininga.

Professor em Håkon Olav Austrheim, ved Institutt for geofag, UiO var sentral i funnet av mineralet. Dypingitt kan brukast feks. som filter for rensing av overflatevatn. 

 

Les meir i artikkelen: 

Lokalt mineral bekjemper forurensning, Geoforskning.no, 28.5.2024

Mineral fra Røros viste seg å være en kur mot stedets miljøproblem, Gemini, 8.2.2024

 

Les også om Røros Kobberverk:

Røros Kobberverk var i drift frå 1644 til 1977, då den gjekk konkurs. I åra 1644 til 1814 vart det tatt ut heile 45 000 tonn kopar (kobber) med ein bruttoverdi på 22 mill. riksdaler. Gruvene syrgde for store verdiar inn til styresmaktene. Les meir på wikipedia. 

Publisert 30. mai 2024 15:53 - Sist endra 30. mai 2024 15:53