Fagpris til Langtangen og Grøttum for framifrå undervisning

Rektor kunngjorde i dag at professor Hans Petter Langtangen frå BMI-gruppa fekk ein fagpris for framifrå undervisning frå Olav Thon Stiftelsen. Den andre vinnaren innan same kategori, professor Per Grøttum ved det medisinske fakultet, har og vore tilknytta IFI-miljøet og BMI-gruppa i mange år. Vi gratulerer Hans Petter og Per, og er stolte av at IFI har fått to fagprisar for framifrå undervisning.

Frå Uniforum

Både informatikkprofessor Hans Petter Langtangen og medisinprofessor Per Grøttum frå UiO får fagprisen på 500 000 kroner kvar for framifrå undervisning.

Til saman deler Olav Thon Stiftelsen i år ut 44 millionar kroner til internasjonal, nordisk og norsk forsking.

Klokka 10 i formiddag vil Olav Thon saman med UiO-rektor Ole Petter Ottersen kunngjera namna på alle prisvinnarane.

Publisert 14. jan. 2016 09:31 - Sist endret 12. sep. 2023 12:54