English version of this page

Fysikken bak Alzheimers sjukdom

Denne sida vert ikkje oppdatert med løpende informasjon frå prosjektet. Gå til den engelske versjonen av sida for å lese meir om prosjektet.

Nevrodegenerative sjukdommar er eit veksande problem i Europa, og kostnadene for Alzheimers sjukdom vart estimert til 100-200 milliardar euro i EU berre i 2010. For å handtera dette problemet har medisinske forskarar stilt grunnleggjande spørsmål om fysiologien til hjernen, spesielt rundt reinsing av metabolsk avfall i hjernen. Dei nye teoriane har snudd det tradisjonelle synet på hovudet, likevel er desse teoriane ikkje utan kontrovers. Matematisk modellering har avdekt manglar og revidert dei nye teoriane; men sjølv desse nye matematiske modellane kjem til kort på grunn av manglande inkludering av komplekse geometriar, neglisjering av koplingseffektar, multifysikk eller relevant tidsskala. Me vil i dette prosjektet vidareutvikla dei matematiske modellane av dei medisinske teoriane.

Dette prosjektet tek sikte på å utvikla neste generasjon matematiske modellar og programvareverktøy for å forstå fysikken bak fysiologien til hjernen. Spesielt tek me opp passande matematiske modellar som ikkje berre omfattar multifysiske effektar på både kort og lang tidsskala, men også involverer grunnleggjande spørsmål om effektivitet og nøyaktigheit i løysingsmetodar med spesielt fokus mot monolitiske fleirskala lausare. I løysingsalgoritmane bruker me eit nyutvikla multigrid metode der fraksjonelle Laplace-operatorar blir brukte ved grensesnittet.

Finansiering

Norges forskningsråd, forskerprosjekt- prosjektnummer 301013. Totalt budsjett ca.11,6 millionar. 

 

 

Publisert 22. jan. 2020 10:11 - Sist endra 4. mai 2023 13:59