LUBRIBOT Ein berekraftig mjuk sveverobot som skaper heft og rørsle gjennom vibrasjonsgenerert lubrikasjon

Varighet:
01.01.2024–31.12.2027

Denne sida vert ikkje oppdatert med løpende informasjon frå prosjektet. Gå til den engelske versjonen av sida for å lese meir om prosjektet.

Kontaktpersoner

Om prosjektet

Robotar er i dag direkte eller indirekte ein del av dei fleste menneskes liv; dei reingjer bustader, flyttar og behandlar biologisk materiale til næringsmiddelindustrien, bidreg til å auke livskvaliteten til eldre og sorterer avfall berekna på gjenvinning, for å nemne nokre få døme. Dei teknologiske løysingane for både konvensjonelle og mjuke robotar er i dag avhengige av direkte fysisk kontakt for å mogleggjere adhesjon og rørsle, kanskje dei to mest grunnleggjande komponentane innan robotikk. I dette prosjektet vil vi utvikle ein berekraftig robot basert på ei elastisk skive som vibrerer for å feste seg til ei overflate. Dette skaper ei lufthinne mellom roboten og veggen, ei effektiv smørjing, som vil mogleggjere kontroll over adhesjon og rørsle utan behov for direkte fysisk kontakt. Prosjektet vil utforske bruken av berekraftige og biologisk nedbrytbare materiale for roboten, og arbeidet vårt er innebygd i eit rammeverk for ansvarleg forsking og innovasjon (RRI), som også inkluderer ei livssyklusvurdering. Viss prosjektet lykkast vil det avdekkje grunnleggjande prinsipp innan mjuk robotikk for å mogleggjere adhesjon og rørsle utan fysisk kontakt, og dessutan retningslinjer for potensiell bruk av berekraftige materiale for utvikling av mjuke robotar.

Deltakere

Finansiering

Støttet av Forskningsrådet

Prosjektnummer: 341989

totalbudsjett 16,2 millionar kroner

English version of this page
Publisert 20. mars 2024 11:13 - Sist endret 20. mars 2024 11:16