Denne gjengen er Noregsmeistrar i tungregning

Ingen norske forskargrupper bruker så mykje datakraft som solfysikarane ved UiO.

Solfysikkgruppa ved RoCS. Foto: Gunhild M . Haugnes/UiO

Solfysikkgruppa ved RoCS, Rosseland Centre for Solar Physics, er eit forskingsmiljø i verdsklasse. Dei får tilgang til enorme mengder data spesielt frå sola. Det handlar om temperaturar i laga rundt sola, solflekker og solstormar. Og ikkje minst er dei opptekne av å sjå på korleis magnetfeltet blir omdanna til energi, noko som er viktig for å forstå plasmafysikken over atmosfæren. Det haglar inn med store prosjekt både nasjonalt og internasjonalt, som krev og vil krevja mykje tungregning framover. 

Desse dataa blir behandla, blir analyserte og blir brukte til simuleringar og blir presenterte som tredimensjonale modellar av heile eller deler av sola.

Det handlar om datakraft tilsvarande 14.000 berbar pc-ar i kontinuerleg drift. Stablar ein desse, får ein eit bygg omtrent dobbelt så høgt som den planlagde hav-skyskraparen på Fornebu. Og behovet for datakraft vil berre auka, dei siste åra har det auka med rundt 20 prosent i året.

Les saka på titan.uio.no

Publisert 27. nov. 2018 10:57 - Sist endret 2. jan. 2024 14:57