Ein soltime med RoCS

60 elevar og 3 lærarar fekk ein "Sun hour" med RoCS - Rosseland senter for solfysikk som førebuing til ein Europeisk solkonkurranse. Draumen er å vinna ein tur til det Svenske solteleskopet på La Palma.

Undervisning av ungdomsskoleelever på universitetet

Stipendiat Aditi Bhatnagar ved RoCS heldt soltimen fredag 22. oktober for 10.klassen frå Noregs Realfagsgymnas Ungdomskole i Sandvika. Bilete: privat

Elevane ved Noregs Realfagsgymnas ungdomsskule i Sandvika er ein av tre skular som vil bli følgt opp av RoCS i haust i samband med konkurransen. Nær 1000 elevar er påmelde frå heile Europa. 

Stipendiat Aditi Bhatnagar underviser dei norske elevane som ein del av formidlingsarbeidet som ligg til stillinga ved RoCS.

elever får undervisning
Vitebegjærlege elevar: Det heldt akkurat med 90 minutt til foredrag og spørsmål frå dei mange laga (fire personar på kvart lag) i dei to klassane som tok vegen frå Sandvika til Georg Sverdrups Hus auditorium. Aditi Bhatnagar hadde tips og gode lenkjer til alle tema som elevane ønskte å jobba vidare med i konkurransen. Bilete: privat.

Oppgaven til elevene

Konkurransen som blir arrangert av EST - European Solar Telescope i haust er retta mot europeiske skuleelevar i aldersgruppa 14-16 år. Dei påmelde laga skal undersøkja eit tema relatert til sola og laga ein infografikk som forklarer temaet. Infografikken kan bli ein del av eit leksikon om sola på nettet og dermed tilgjengeleg for undervisning verda over. 

RoCS tilbyr tilrettelagt foredrag / spørjetime og dessutan støtte til medverknad i konkurransen til skulane som deltek. Vinnarlaget på fire elevar og dessutan lærar får ein tur til solobservatoriet i La Palma våren 2022. Det er også moglegheit for å vinna eit solteleskop.

Norge er med i EST

EST - European Solar Telescope er prosjektet der 18 europeiske land har gått saman om å få bygd det som skal bli det største solteleskopet i verda på Kanariøyane. - Hovudmålet er å få samla inn meir lys enn nokon gong og med det få nøyaktige målingar av det svake magnetfeltet i det mellomste laget av atmosfæren til sola, kromosfæren, seier Mats Carlsson, direktør ved RoCS.

Bildet kan inneholde: rav, natur, menneskelig, oransje, belysning.
Her er konkurransen forklart på engelsk. Oppgåva er å laga ein plakat om noko klassen synest er eit spennande fenomen ved sola.
Emneord: EST, European Solar Telescope Av Eyrun Thune
Publisert 25. okt. 2021 13:28 - Sist endret 13. jan. 2023 11:25