Vulkanutbrotet på La Palma

RoCS forskarar følgjer med på vulkanutbrotet frå Det svenske solteleskopet på La Palma. Dei er trygge då teleskopet ligg på Roque dei los Muchachos, på den nordlege delen av øya.

Vulkanutbrot sett frå Det svenske solteleskopet

Observerer vulkanutbrotet på god avstand frå Det svenske solteleskopet (1 m): Postdoktor Chandrashekhar Kalugodu. Bilete: Luc Rouppe van der Voort, UiO.

- For oss er det ganske langt unna, og først kunne me ikkje sjå, høyra eller kjenna noko på grunn av skylaget. Seinare på ettermiddagen forsvann skyene, og me kunne sjå utbrotet. Det var eit spektakulært syn, seier professor Luc Rouppe van der Voort ved RoCS - Rosseland senter for solfysikk.

Professor Luc Rouppe van der Voort og Postdoktor Chandrashekhar Kalugodu er tilbake på La Palma for første gong sidan pandemien sette ein stoppar for flyreiser til solteleskopet på La Palma. Det er kjent som den beste staden i verda å observera Sola på.

vulkanutbrudd på La Palma
Utsikt til vulkanutbrotet på La Palma frå Det svenske solteleskopet. Foto: Luc Rouppe van der Voort, UiO.
Utsikt fra båt til vulkanen på La Palma.
Daniel Nóbrega-Siverio, gjesteforskar ved RoCS, observerte vulkanutbrotet frå ein søndagstur på sjøen. Biletet vart teke på ein liten båt nær Tazacorte hamn under ein segltur. Daniel Nóbrega Siverio er tilsett ved The Instituto de Astrofísica de Canarias (IAC). Bilete: Privat
Av Eyrun Thune
Publisert 20. sep. 2021 16:37 - Sist endret 13. jan. 2023 13:16