English version of this page

Feirar fem år som Senter for framifrå forsking

Frå opp og stå, gå, til full fart mot mål. RoCS - Rosseland senter for solfysikk er blant dei beste i verda på å forska på årsakene og følgja av Solens magnetisme.

Tilsette frå mange nasjonar

Feirar 5-års jubileum 1. november: RoCS forskingsgruppe utanfor Institutt for teoretisk astrofysikk september 2022. 32 personar var tilstades denne dagen. Foto: Ola Gamst Sæther.

For å forstå dei kraftige eksplosjonane og aktivitetane i solatmosfæren betre har RoCS ti forskingsprosjekter (RoCS nettside). I tillegg kjem RoCS seks nyleg avslutta prosjekt (RoCS nettside).

For å klara den store aktiviteten har det vore nødvendig å veksa i eit raskt tempo og tilsaman 58 personar frå 21 land er no tilknytta RoCS. Og endå kjem det fleire. I november ønskjer dei velkommen til den åttande postdoktoren i rekkja. Gruppa har også 17 Ph.d.kandidatar knytte til (i tillegg kjem dei som allereie har avslutta doktorgrada si).

Ikkje alle tilsette sit i RoCS sine lokale i Svein Rosseland huset sitt på ITA, UiO. Ein del forskarar er tilknytta miljøet gjennom utanlandske institusjonar.

- Direktør Mats Carlsson ved RoCS, kva krev det å byggja opp eit senter for framifrå forsking?

- Det er mykje som må på plass for å få eit senter opp og stå. Det tok - (som venta) -lengre tid ein det me optimistisk hadde lagt opp til i søknaden. Spesielt tilsetjing av folk tek tid. Dei tilsette er den viktigaste ressursen me har så det er viktig å ta den tida det tek for å få fatt i dei beste. Det andre som tok tid var å få på plass våre eigne lokale og når me endeleg kunne flytta inn (omtrent på to-årsdagen i november 2019) var det ikkje lenge til pandemien gjorde at me måtte stengja igjen.

Elderly professor with grey hair
Professor Mats Carlsson er direktør for RoCS - Rosseland senter for solfysikk. Han har vore tilsett ved ITA sidan 1991. Foto: UiO

- Kva håpar RoCS å ha utført etter endt periode?

- Me reknar med at me har komme med eit stort bidrag til ei mykje betre forståing av solstormar og soleksplosjonar.

- Kva er det viktigaste arbeidet de gjer for å forstå Sola?

- Me utviklar nye metodar for å simulera prosessane på Sola i ei datamaskin. Me samlar så inn nye observasjonar ved eit av dei beste solteleskopa i verda. Me samanliknar desse modellane og observasjonane og når me har fått ein god modell kan me gå inn i han og “eksperimentera” - kva ville skje viss dette vart forandra etc. Det er jo noko me ikkje kan gjera med den verkelege Sola.

Fakta om RoCS

RoCS - Rosseland senter for solfysikk starta 1. november 2017. Dei tilsette kjem frå: Noreg, Sverige, Danmark, USA, Belgia, India, Italia, Litauen, Austerrike, Nederland, Polen, Portugal, Slovakia, Spania, Sveits, UK, Tyskland, Frankrike, Colombia, Guatemala, Iran og Nederland.

Kva er eit Senter for framifrå forsking?

I perioden 2017 - 2027 gir SFF-ordninga (Senter for framifrå forsking) støtte til i alt ti sentrum. Noregs forskingsråd gir gjennom ordninga "Noregs fremste vitskaplege miljø høvet til å organisera seg i sentrum for å nå ambisiøse vitskaplege mål gjennom samarbeid. Forskinga ved sentera skal vera nyskapande og ha stort potensial for grensesprengjande resultat som flyttar den internasjonale forskingsfronten. SFF-ene blir finansiert i inntil ti år (6 + 4 år)."

Emneord: Senter for fremragende forskning, RoCS, solfysikk Av Eyrun Thune
Publisert 1. nov. 2022 05:10 - Sist endret 22. feb. 2023 17:18