English version of this page

Når hurtigruta kallar

Rebecca Robinson er ferdig med doktorgrada i solfysikk og no vender ho tilbake til jobben som vitskapleg formidlar på Hurtigruten Expeditions.

Kvinne i vinterdress på kaia

Becca har lengta tilbake til livet ombord Hurtigruten Expeditions. Her fra kaia - klar for en guidet tur med passasjerer. Bilete: privat

 

Rebecca - Becca blant venner - har dei siste åra studert sola. Hausten 2019 starta ho som stipendiat ved RoCS - Rosseland senter for solfysikk. Tidlegare har amerikanaren studert fysikk og astrofysikk ved Michigan State University, og har vore med på astrofysikk forskingsprosjekt ved Ohio Wesleyan University, Clemson University og University of Colorado i Boulder.

Fekk jobb under pandemien

Lei av zoom-møte og heimekontor, ordna Becca seg jobb som "Expedition Lecturer" i 2021. Ho var med på seks 14-dagars turar: tre frå Hamburg til Nordkapp og tre frå Dover til Nordkapp.

Hausten 2022 var ho tilbake og deltok på ein 22-dagars tur frå Dover til Nordkapp. Om bord på båten var om lag130 passasjerar frå land som Storbrittania, Irland og USA.

Turane er lange og givande. Det gir påfyll og energi å møta nya menneske, og læra bort faget ho er så glad i: sola.

Foredraga og workshops ho held om sola og nordlyset inngår i emna formidling i doktorgrada ved Institutt for teoretisk astrofysikk.

Og ho har bestemt seg; så snart hun har doktorgrada i hamn fer ho til sjøs igjen.

Lærdom om Sola tilpassa kvar enkelt

 

Becca held foredrag om Sola og nordlyset og let passasjerane sjå gjennom RoCS sitt solteleskop. Ho er på jobb kvar gong ho stikk hovudet ut av kabinen. Ein loggar ikkje timar ombord.

Passasjerane kjenner deg igjen og tek kontakt om dei har spørsmål. Når som helst på døgnet.

Enkelte av passasjerane har naturvitskapleg bakgrunn og stiller godt førebudd til turen. Andre kan ingenting om Sola eller nordlys. Becca må nå dei alle med kunnskap som gjer at dei får maksimalt utbytta av turen.

Becca vender tilbake

Eit stort team ombord

Når det ikkje er foredrag hjelper ho til på ekskursjonar og anna. 

Det er gøy, men det kan og vera slitsamt. Ein får prøvd seg på nye ting og ein veit aldri heilt kva dagen bringar.

Det er også vanleg å bli sjøsjuk og då blir ei beordra kvile, og andre må ta over jobben ein skulle gjort, seier Becca.

Mannskapet blir ein samansveisa gjeng og det gir mange nye vennskap. Becca fortel om ein flat jobbstruktur og at dei alle er viktige brikker ombord - frå kaptein til kelnar. 

Formidling som en del av doktorgraden

Rettleiaren til Becca, direktør Mats Carlsson ved RoCS, støttar formidlingsjobben fullt ut, og senteret har kjøpt inn solteleskop og ekspedisjonsklede til turen. 

Becca har tidlegare skrive artiklar, og laga videoar om sola og nordlys til forskingsdagane til Noregs forskingsråd. Forskingsformidling utgjer 1/4 av doktorgrada ho tek. 

Formidlinga skjer både på norsk og engelsk. Ho har lært seg norsk og blir værande i Noreg.  Planen er klar for kva som skjer vidare etter doktorgraden: ho flytte til Bergen og startar opp jobben hos Hurtigruten Expedition!

Les også artikkelen Beccas drømmejobb (RoCS nettsider).

Emneord: RoCS, stipendiat, doktorgrad, nordlys, Solar Physics Av Eyrun Thune
Publisert 21. des. 2022 09:58 - Sist endret 4. okt. 2023 14:32