Det viktigaste målet for RoCS er å forstå dei fysiske prosessane i den aktive sola.
For å nå dette målet blir numeriske modellar brukte kombinert med observasjonar av høg kvalitet frå både bakkebaserte og rombaserte observatorium.
Me har internasjonal leiande kompetanse i strålingstransport og strålingshydrodynamikk. På den observasjonelle sidan har me tilgang til det svenske 1-meters solteleskopet på La Palma (SST), ALMA, ESAs Solar Orbiter, fleire rombaserte satellittar som NASAs IRIS og SDO, JAXAs Hinode og i næraste framtid European Solar Telescope.
Me bruker lokale og nasjonale superdatamaskiner.
Eit senter for framifrå forsking
![Image may contain: Jeans, Trousers, Smile, Natural environment, Botany.](https://www.mn.uio.no/rocs/om/astrogruppex1200.jpg)
Rosseland Centre for Solar Physics (RoCS) er finansiert av Noregs forskingsråd som eit senter for framifrå forsking for 6 + 4 år etter ein midtveisevaluering frå 2017 til 2027.
RoCS kjerneverdiar:
- Nysgjerrigheit
- Openheit
- Transparens
- Fellesskap
- Personlig utvikling
Kontakt oss
RoCS - Rosseland Centre for Solar Physics
P.O box 1029 Blindern, 0315 Oslo, Norway
Phone: +47 22 85 65 01
E-post: postmottak@astro.uio.no